Klar til vinteren - del 1
I vår/sommer/tidlig høst kjøpte eg meg garn til å hekle eit sjal. Det var litt tynnere garn enn det stod i oppskriften som eg hadde tenkt å følge, så eg måtte ha mange fleire maske enn oppskriften sa, og då tok det tilsvarende lengre tid å hekle enn oppskriften sa! Men eg blei no ferdig til slutt =) Og for ei veke siden eller sånn tok eg fram igjen restene fra garnet og samme pinnen og boka oppskriften stod i, og hekla pulsvarmarane som hadde samme mønster.
Så no har eg pulsvarmare og skjerf som matcher! Eg syns det er ganske kult, tror det er første gang eg faktisk har nokke som matcher heilt!
Det tok sykt lang tid å hekle sjalet, for eg hadde 400 maske på langs, og endte med å hekle 18 rader. Og eg brukte sikkert ein time på kver rad, så då er det enkel hoderegning for å finne ut kor lang tid eg brukte på å hekle det! Pulsvarmarane gjekk mykje betre då, for det var så kort, og så få runder at eg hekla ein på ein kveld.
Så får vi bare håpe på at vinteren ikkje blir like våt og ubrukelig som den var i fjor sånn at eg eg får brukt dette her. =)


Etiketter: Handarbeid




