Underfull

Posta av helgeb - 4. desember 2008 kl. 15:09

Her kjem ei ny songtekst, denne gongen har eg plukka ein song eg har nynna på i fleire veke no! Eg lerte ikkje teksten før eg spelte songen på piano på Øytun. No har eg fått tak i songen, så eg har høyrt den nokon gonger, knapt nokon song gjer meg meir frysningar enn Louis Armstrong – What a wonderful world

Eg ser grøne tre
Raude roser òg
Eg ser dei blomar
For meg og deg
Og eg tenkjer med meg sjølv
For ei underfull verd

Eg ser himmel, så blå
Og skyer så kvite
Den lyse velsigna dagen
Den mørke heilage natta

Og eg tenkjer med meg sjølv
For ei underfull verd

Fargane i regnbogen
Så vakre over himlen
Er òg i ansikta
På folk som går forbi
Eg ser vener helsa
Sei «Korleis står det til?»
Det dei eigentleg seier
Er «Eg elskar deg»

Eg høyrer spedbarn som gret
Eg ser sei vokse opp
Dei lere mykje meir
Enn eg nokon gong vil
Og eg tenkjer med meg sjølv
For ei underfull verd
Ja, eg tenkjer med meg sjøl
For ei underfull verd

Skriv en kommentar

Tilbake til bloggen