På tur
Ein benk i Fjøsanger hovedgård. Det er i byrjinga av oktober. Det har regna mykje i det siste, men i dag er det sol Det var frostnatt i natt. Har nettopp gått inn her, så det er godt å setje seg ned. Drikke ein slurk vatn. Ein gjeng mosjonerande pensjonistar står like ved og gjer øvingar og tøyar. Bak meg går ein bekk. Det sildrar avslappande. Ei banan er fin turmat, men sjokoladen er ikkje med. Det er nyhogd skog i nærleiken, det lukter av granbar og harpiks. Ellers er lufta klar og kald. På vegen hit stod det to ponnier, som fekk litt ekstra grønt gras rett fra handa. No skyar det til. På tide å gå heim no.
9. oktober 2012
30. oktober 2012 kl 01:55
Så fine bilder!! :D
30. oktober 2012 kl 08:55
Takk ^^