Power

Etiketter: Grubling

Begynner å bli ei stund siden eg la ut bakgrunn no, men det er fordi eg var så glad i den forrige bakgrunnen eg laga! Men no tenkte eg det var på tide med nokke nytt og friskt, så eg fant meg eit bilde eg tok i sommer, lekte meg med filtrene i Photoshop, og så dukka dette her opp! Eg er ganske fornøyd sjøl, passer ypperlig som bakgrunn på laptopen!
Etiketter: Bakgrunner
Når eg var på Øytun i fjor hadde vi ganske masse tid til å sitte og prate på husa etter undervisninga og middagen. Denne vart fylt med ymse aktivitetar som for eksempel diverse spill, kort, Alias, Gabong ikkje minst! Og det var veldig mange som ettekvert begynte å stikke og hekle. Eg var ein av dei!
Eg fekk sansen for å hekle sjal, for det var enkelt og kunne gjerast mens eg satt og prata med folk, og så strikka eg eit langt skjerf med rillemønster og blånyansert tråd (bilde kjem ettekvert). Eg hekla jo til og med to svære flotte sjal som eg solgte og fekk pengar for! Men i andre halvdel av Øytun dabba det av med interesse for hekling og strikking, så det gjorde det jo for meg òg.
Litt før jul (type eksamenstida) tok eg opp igjen heklingen og hekla ferdig det sjalet som eg aldri blei ferdig med, og eg fant ut at det egentlig var et helt genialt tidsfordriv om eg ville slappe av med litt musikk, men ikkje bare sitte i ro og kope. Så eg strikka ferdig det sjalet. Men eg var ikkje fornøgd med det, eg måtte ha nokke meir å gjere på av dette, for det var kjekt å halde på med.
Så då avtalte eg med mi gode venninne Solveig at over jul skulle ho lære meg å strikke selbuvottar, og så skulle eg lære ho å hekle sjal. Som sagt, så gjort, så rett etter nyttår drog eg på besøk til ho, svippa innom Sparkjøp og kjøpte garn og stikkepinnar eg mangla, og sette igang!

Og i går blei eg ferdig med den første votten, resultatet ser du på bildet! For å vere min første vott er eg ganske fornøgd! Det er ingen feil, ingen maske eg har mista, men det litt shabby rundt om kring, nokke veldig store maske, litt ujamn strikkefasthet opp gjennom votten, men det høyre vel med! Så sånn er det med den saken, no har eg begynt på den neste votten, satsar på det går like greit, om ikkje betre på den neste! :-)
Etiketter: Handarbeid
Må bare legge ut ein liten matematikkvits eg syns er helt genial, som vi trykte i QED før jul!
An infinite number of mathematicians walk into a bar. The first one orders a beer. The second orders half a beer. The third, a quarter of a beer. The bartender says “You’re all idiots”, and pours two beers.

Ikkje butikken komplett.no, ta det med ro. Endelig er samlingen min komplett! Takket være Andreas er no rekken min av studioalbumene til Dream Theater fullstendig! Eg mangla ein cd før jul, no har eg alt DT har gjort i studio, alt fra When dream and day unite til Systematic chaos. Takk Andreas!
I følge nyhetsbrevet som tikker inn i innboksen min innimellom er Dream Theater for tiden i studio for å spille inn nytt album, og *noen* gleder seg! :-D
Eg mangler fortsatt endel av singlene og EP-ene de har gitt ut, og nokke av live-albumene, men det er liksom ikkje like viktig å ha alt der, for det er jo stort sett de samme sangene som i studio-albumene. Det neste eg skal skaffe meg, må være Chaos in motion Deluxe Collector's Edition 5-Disc Set :-D
Etiketter: Musikk
Ferie er ein herlig ting! Då kan ein la alt som vanligvis er standard bare flyte ut og forsvinne, uten at nokken egentlig setter spørsmålstegn ved det. Og det er nettopp det som har skjedd på bloggen min siden sist blogg. Eg har rett og slett tatt ferie. Eg tok ferie ei veke fra facebook òg, herlig avslappende!
Jula for meg har vert litt jobbing på hagesenteret, solgte juletrær som vanlig, 4. året på rad faktisk! Alltid greit å etpar nokken tusen på å pelme på graner nokken dager! :-P
Ellers har eg fått tilbake ein harddisk med mange tusen bilder på som i vår gjekk i bakken og blei ødelagt. Det var backupen min, så eg mista veldig mange bilder. Så den harddisken blei sendt til et firma i Tyskland til rekonstruksjon, og er no komt tilbake, alt som var på den var intakt! Goa greie! Så det er det eg har gjort på i romjula, rydda i bilder til den stor gullmedalje!

Nyttårsafta blei feira på Garnes med venner, særdeles trivelig selskap, må eg si! Tok eindel bilder av fyrverkeri og sånn, konge!
Så har eg vert på tur med mamma og pappa nokken dager, ute og tatt bilder og sånt! Eit par ganger til Raudlia og ein gang til Golten/Glesvær på Sotra, får se om eg legger ut bilder fra det på heimesida ein gang =)
Var ikkje lange bloggen det blei akkurat i dag, men får satse på at det kommer et bilde og litt forskjellig her ettekvert, er ferdig med ferie no :-P
Etiketter: Life universe and everyting