Eksamen
Etter oppfordring fra Cecilie om å blogge igjen (siden det faktisk er 15 dager siden sist), får eg heller skrive litt. Det skjer ikkje mykje her for tiden, eksamensinnspurten er i gang. Først ut er KJEM210 - Kjemisk termodynamikk, som er på mandag. Har snart jobba meg gjennom alle tidligare eksamensoppgåve som er tilgjengelig, etter det blir det pugging av formler eg trenger og utledning av andre formler fra dei.
På lørdag skal det vere julebord med jobben, litt usikker på om eg kjem til å dra, litt pga eksamen, litt pga at eg ikkje kjenne folk der så godt, og at det komme til å verte et drikkelaug uten sidestykke...
Når eg er ferdig med eksamen nr 2, KJEM120 - Grunnstoffenes kjemi neste tirsdag, kan eg slappe av. Då får eg kanskje litt ekstravakter på jobb, eg har tid til å roe ned nervene og kanskje få unna nokke julepresanger, kanskje eg får tid til å fikse fleire bilde på heimesida. Får sjå kor masse tid eg får. For etter den eksamen er det kun eksamen i INF100 - Grunnkurs i programmering igjen, som har vert et svært interessant og artig fag å jobbe med, faktisk sånn at eg gleder meg til eksamen! :-D
Siste ordindære forelesning er i morgen, godt å vere ferdig med det, så eg kan konse om eksamen.
Eg er veldig usikker på ka fag eg skal ta til våren. Eg må ha eit fag, KJEM122 - Syntetisk uorganisk kjemi, som er et laboratoriefag. Det tar veldig masse tid, så eg vil gjerne ha nokke enkle fag å ha ved siden av, men det er ikkje enkle fag igjen som eg kan ta, så eg er veldig usikker..
Ja, det var vel det eg kom på i farten, må nesten fortsette med lesingen no =) Fornøyd no Cecilie? :-P
Etiketter: Life universe and everyting, Studie


2 Kommentarer:
Hehe..:) Og du sa du ikkje hadde noke å sei;) Ja no er eg fornøyd;) men eg skjønner framleis ikkje at du orker alle dei tunge faga dine;) Masse lykke te med eksamen!:D
Godt. Takk for det. Kanskje det kjem nokke meir interessant neste gang =)
Legg inn en kommentar
<< Start