Julekortverksted

På lørdag var eg heime i Langedalen, i den anledning at vi skulle samle familien ein gang før jul, og å lage julekort! Greit nok eg var oppe veldig seint på kanalu kvelden før, og måtte tidlig opp om eg ville kjøre med broder'n utover, men det er sånt man må leve med =)

Det blei ein dag med masse moro, julemusikk, 4 år gammal Lerum julebrus, tur ute i vintervêret, pizza fra lokale pizzabakeriet, og masse julekort! Og selvfølgelig endel Tobias, han er jo sjarmtroll nr 1!

Tobias og farmor.

Graut til kvelds er alltid velkomment!

Fleire bilder finner du her.

Etiketter: ,

Underfull

Her kjem ei ny songtekst, denne gongen har eg plukka ein song eg har nynna på i fleire veke no! Eg lerte ikkje teksten før eg spelte songen på piano på Øytun. No har eg fått tak i songen, så eg har høyrt den nokon gonger, knapt nokon song gjer meg meir frysningar enn Louis Armstrong - What a wonderful world

Eg ser grøne tre
Raude roser òg
Eg ser dei blomar
For meg og deg
Og eg tenkjer med meg sjølv
For ei underfull verd

Eg ser himmel, så blå
Og skyer så kvite
Den lyse velsigna dagen
Den mørke heilage natta

Og eg tenkjer med meg sjølv
For ei underfull verd

Fargane i regnbogen
Så vakre over himlen
Er òg i ansikta
På folk som går forbi
Eg ser vener helsa
Sei "Korleis står det til?"
Det dei eigentleg seier
Er "Eg elskar deg"

Eg høyrer spedbarn som gret
Eg ser sei vokse opp
Dei lere mykje meir
Enn eg nokon gong vil
Og eg tenkjer med meg sjølv
For ei underfull verd
Ja, eg tenkjer med meg sjøl
For ei underfull verd

Etiketter:

Søvn

Søvn er ein merkelig ting. Så avhengige menneske er av det.

Men koffor er det då sånn at man nokken kvelder, nesten uansett kor trøtt man er, kan ligge i timesvis uten å få sove. Kjenner det svir i augene, men får ikkje sove.

Være lys våken, men vite at man burde sove for å klare neste dag.

Etiketter: